Jobs · eures

T

Bli med i Tussa IKT og jobb med informasjonssikkerheit!

TUSSA IKT AS AVD ØRSTA · NO · Posted 6d ago

Full-timejunior5-8 yrs🇳🇴 Norway
Apply on eures

About the role

Hos oss får du: Som seniorrådgjevar/rådgjevar informasjonssikkerheit i Tussa får du vere med og forme eit fagområde i utvikling. Du blir ein viktig del av fagmiljøet vårt, samstundes som du får sterk påverknad på korleis vi vidareutviklar Tussa IRT (Incident Response Team) og dei kunderetta sikkerheitstenestene våre. Du får: Varierte oppgåver innan informasjonssikkerheit, beredskap og rådgjeving Jobbe tett med dyktige kollegaer og kundar Fagleg utvikling og høve til å byggje vidare på kompetansen din Stor grad av sjølvstende og tillit i arbeidskvardagen Dokumentert godt arbeidsmiljø Ta del i Tussa sine mange velferdsordningar, som t.d. treningstilbod, lån av hytter, kunstklubb og sosiale arrangement Konkurransedyktige vilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar Om stillinga: Vil du hjelpe kundane våre med å førebygge, handtere og lære av digitale sikkerheitshendingar? Vi styrkjer satsinga vår innan informasjonssikkerheit, beredskap og sikkerheitsleiing og ser etter ein rådgjevar som kan kombinere fagleg tyngde med praktisk og kunderetta arbeid. I denne rolla får du ei sentral oppgåve i å vidareutvikle beredskapsarbeidet vårt og leie det operative arbeidet i Tussa IRT (Incident Response Team). Samstundes skal du arbeide tett med kundane våre med rådgjeving innan sikkerheitsleiing, risikostyring og ISMS. Nokre av arbeidsoppgåvene vil vere: Operativt ansvar for Tussa IRT og bidra til å utvikle teamet gjennom trening, øvingar, metodikk og gode verktøy Beredskapsarbeid og beredskapsøvingar for kundar Støtte kundar ved sikkerheitshendingar Gi råd om sikkerheitsleiing og risikostyring Arbeide tett med leiarar og avgjerdstakarar hos kundane våre Bidra med fagleg støtte i kundedialogar og sal av sikkerheitstenester Bidra til å vidareutvikle tenestene våre innan informasjonssikkerheit og beredskap Kvalifikasjonar: Vi ser etter deg som har kompetanse og erfaring innan eitt eller fleire av desse områda: Sikkerheitsleiing, beredskap og handtering av hendingar IT-sikkerheit og sikring av IT-miljø Kompetanse innan sikring av Microsoft-skymiljø er ein fordel. Det same gjeld god forståing for kunstig intelligens Personlege eigenskapar vert vektlagt. For å lukkast i rolla trur vi at du: Dette er ei rolle for deg som trivst i skjeringspunktet mellom teknologi, sikkerheit, beredskap og menneske. Trivst med å arbeide ute hos kundar Kommuniserer godt med både tekniske fagmiljø og leiarar Har evne til å gjere kompliserte sikkerheitsproblem forståelege og handterbare Arbeider sjølvstendig og tek ansvar for framdrift, men likar samstundes å samarbeide og dele kompetanse Er strukturert og god til å planleggje og prioritere Skaper tillit og byggjer gode relasjonar Held hovudet kaldt når situasjonen krev raske og gode vurderingar

Read the full posting on eures →

FAQ

Is the Bli med i Tussa IKT og jobb med informasjonssikkerheit! role at TUSSA IKT AS AVD ØRSTA remote?+

This Bli med i Tussa IKT og jobb med informasjonssikkerheit! position is listed as unknown (NO).

What seniority level is this Bli med i Tussa IKT og jobb med informasjonssikkerheit! role?+

This is a junior level position.

How do I apply for the Bli med i Tussa IKT og jobb med informasjonssikkerheit! role at TUSSA IKT AS AVD ØRSTA?+

Use the "Apply on eures" button to open the original posting on eures, where you can submit your application directly to TUSSA IKT AS AVD ØRSTA.